Årets Snøføyka vart ein nydeleg vinterdag på Hjeltefjorden. Sol, eit par plussgrader og etterkvart ein fin bris frå nord var det vêrgudane tilbaud. 23 båtar starta på løpet, som gjekk frå like utanfor Anglevik, rundt Rotøyane om styrbord, attende til startområdet og deretter ein ny runde rundt Rotøyane om styrbord med målgang i Anglevik. Etter målgang vart alle seglarane invitert til premieutdeling i det nye klubbhuset på "ankersaft" og smakfull ertesuppe.
Klassevinnarar vart Medvind (TUR), Vito (DH), Salt (LYS tom. 1,15), X-faktor (LYS 1,16-1,24) og Party Girl (LYS fom. 1,25). Merk at klasse LYS 1,25-1,30 og LYS fom. 1,31 vart slått saman for premieringa på Snøføyka, men vil verta separert i HordaCup. Du finn resultatlista her.
Grunna sjukdom måtte diverre opplegget med North Sails utgå.
Omtale av Snøføyka 21. februar 2010: Expressklubben sin omtale frå Snøføyka finn du her 18. februar 2010: Den svenske nettstaden Sittbrunnen.se sin artikkel finn du her 16. februar 2010: Vestnytt sin artikkel finn du her 15. februar 2010: Artikkel på storm.no: «Bli med på årets første seiltur» 14. februar 2010: X-factor sin bloggreportasje frå Snøføyka finn du «her» 13. februar 2010: Mannskap på "Susan", Ronald Toppe sin blogg finn du her 12. februar 2010: X-factor er klar for Snøføyka - les meir her 11. februar 2010: Førehandsomtale her på www.ranseil.no finn du her 10. februar 2010: Førehandsomtale hjå North Sails finn du her 10. februar 2010: Enda ein førehandsomtale hjå Seilmagasinet finn du her 10. februar 2010: Førehandsomtale hjå Seilas finn du her 3. februar 2010: Førehandsomtale hjå Seilmagasinet finn du her
Mannskap på startbåten, Bernt Olav Økland, sine bilete:
Dokument om Snøføyka Du finn resultatlista her. Du finn seglingsvedtektene her. Du finn deltakarlista her. Du finn invitasjonen her.